lørdag 18. januar 2014

Strikkestopp!!

Denne veka har det vore fullstendig strikkestopp. Det er så typisk når eg har masse som skulle vore ferdig. Men, slikt er vanskeleg å styra.
Torsdag bar det avgårde til Haukeland, kan jo ikkje sitta sånn unyttig i heimen over tid. 11 kortisoninjeksjonar og i dag begynne endelig ting å fungera. Eg står klar til å kasta meg over spøtet!

Sidan eg hadde Tor Ove med som sjåfør, så vart det ganske kjapt klart at det ikkje var snakk om noko garnstopp på denna turen nei. I følge han så var det ein heilt unødvendig post på programmet. Mulig han hadde dei 135 kiloane i kjellaren i tankane...
Men... eg klarte nå på mirakuløst vis å handla garn likavel. Hehe, denna damå e kje rådlaus. Me var nemleg innom Obs for at sjåføren skulle kjøpa kaffi med heim, og ka skimtar eg borti hyllene? Joda, nåken lodne, fargerike saker. Eg var alt på veg bort til garnet når eg høyrer maen prøver stoppa meg, men han var for sein. I følge han hadde me slett ikkje tid å bortom dei hyllene, men eg trenge nå strengt tatt ikkje så mange sekunder for å grabba med meg garn eg:)


Ola Raggegarn må jo testast, kan jo henda det er bedre enn Tresko. Og om det ikkje er det så har eg ikkje tapt dei store summane. 10 kr nøsta.


Eg er ingen tilhengar av akryl, men nå skal eg faktisk gi eit garn med akryl i (40%) ein sjanse. Adore hadde ein fin glans og kjentes ganske mjukt ut, så får eg håpa det lever opp til førsteinntrykket.

Men nå, når eg endeleg klare bøya samtlige fingrar, skal det strikkast!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar